Troll

Islandske folkeeventyr har alltid vært populært på Island. I skumringe pleide folk å sette seg ned med håndarbeidet mens noen fortalte eventyr om troll, alver og drauger. Det fantes også menn og kvinner som reiste rundt mellom gårdene og fortalte historier. I gjengjeld fikk de overnatting og mat. Slik ble folkeeventyrene bevart frem til den dag i dag.

Islandske troll er store kolossale skapningene som lever i huler og kløfter i de islandske fjellene, og mange er grusomme. Mange troll er intolerante for lys og kalles náttröll. Hvis dagslyset treffer dem, blir disse gjort om til stein. Over hele island kan man se forskjellige seinformasjoner som viser troll som ikke har gått inn i hulen i tid før soloppgang.
Det er imidlertid også gode troll. Disse trollene lever ofte i harmoni med de islandske bøndene. Av historier om slikt fellesskap ble et ordtak "troll er garantert det beste." satt til live.

Historien om Bukolla!

EIN MANN og ei kone i ei hytte hadde ein son dei ikkje var glad i, og ei ku som heitte Bukolla. Ein gong kalva kua, og kona sat hos henne mens det gjekk føre seg. Like etter, då kua hadde komme seg litt, gjekk kona inn i hytta. Ho kom ut att straks, men då var kua vekk. Mannen og kona gjekk ut og leita etter kua, men laut gi opp. No var dei harme, og sende guten av stad og sa at dei ikkje ville sjå han att før han kom med kua. Han fekk med mat og nye skor, og så drog han av stad ut i det blå. Guten gjekk lenge, lenge, før han sette seg og tok til å ete niste. Så sa han ut i vêret, "Raut no, Bukolla, om du enno er i live." Då høyrde han kua raute langt, langt vekke. Han gjekk i den retninga rauta kom ifrå, og lenge, lenge gjekk han. Så sette han seg ned for å ete meir, og sa enda ein gong ut i vêret: "Raut no, Bukolla, om du enno er i live." Så høyrde han kua raute, litt nærare enn førre gongen. Han gjekk vidare i retning av lyden. Lenge, lenge gjekk han, heilt til han kom til ei høg skråning. Der sette han seg for å ete og sa i det same, "Raut no, Bukolla, om du enno er i live." Då høyrde han kua raute nedanfor føtene hans. Han kleiv ned skråninga og oppdaga ei svær hòle inni den. Han gjekk inn og der stod Bukolla tjora i ein bås i hòla. Guten løyste kua med det same og gjekk ut av hòla med den og gav seg i veg heimetter. Då dei hadde komme eit stykke på veg, såg han det kom ei diger trollkjerring og ei trolljente etter han. Den store trollkjerringa tok så store steg at ho snart ville nå han att. Så sa han, "Kva skal vi gjere no, Bukolla?" Kua sa, "Ta eit hår frå halen min og legg det på marka." Det gjorde guten. Så sa kua til håret, "Bli til ei elv så stor at ingen kjem over utan fuglane." Med det same blei håret til ei elv. Då trollkjerringa kom til elva, sa ho, "Så lett skal du ikkje sleppe unna, gut." Ho vende seg til den vesle trollkjerringa og sa, "Spring heim og hent storoksen til far." Trolljenta sprang og kom att med den digre oksen, og den drakk opp heile elva. No forstod guten at trollkjerringa snart ville nå dei att, for ho kunne ta så store steg. Så sa han, "Kva skal vi no gjere, Bukolla?". "Ta enda eit hår frå halen min og legg det på marka", sa kua. Så sa den til hårstrået: "Bli til eit berg så høgt at ingen kjem over utan fuglane." Dermed blei håret til eit berg. Det var så høgt at guten ikkje såg anna enn himmelen over det. Då trollkjerringa kom til berget, sa ho, "Så lett skal dei ikkje sleppe unna." Ho vende seg til trolljenta att og sa, "Hent det digre boret til far." Trolljenta gjekk og kom attende med boret, og trollkjerringa gav seg til å bore hòl i berget. Men ho blei for utolmodig då ho kunne sjå igjennom, og masa seg inn i hòlet. Det var så trongt at ho sette seg fast, og det enda med at ho blei til stein.


 
 

Tips en venn

Golftur til Island 2016 /
NY TUR

Golfbane p� Island